Søk i denne bloggen

torsdag 5. mai 2011

Draumen av Olav H. Hauge

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge, Dropar i austvind (1966)

Ingen kommentarer: